Nobels Fredspris 2005 – Pressemelding

English
Norwegian

Den Norske Nobelkomite

Den Norske Nobelkomite har bestemt at Nobels fredspris for 2005 skal delast, i to like store delar, mellom International Atomic Energy Agency (IAEA) og generaldirektøren der, Mohamed ElBaradei, for arbeidet deira for å hindra at kjernefysisk energi blir nytta til militære føremål og for at kjernefysisk energi til sivile føremål vert nytta på sikrast mogelege måte.

I ei tid då trugsmålet frå kjernevåpen aukar på ny, ynskjer Den Norske Nobelkomite å streka under at dette trugsmålet må handterast gjennom eit internasjonalt samarbeid så breitt som råd. I dag kjem dette klårast til uttrykk gjennom arbeidet til IAEA og generaldirektøren. I det kjernefysiske ikkje-spreiingsregimet er det IAEA som held kontroll med at atomenergien ikkje blir misbrukt til våpenføremål, og generaldirektøren har stått fram som ein uredd talsmann for nye tiltak til å styrkja dette regimet. I ei tid då nedrustningsarbeidet står i stampe, der det er fare for spreiing av atomvåpen både til statar og terroristgrupper, og der kjernekrafta på ny ser ut til å spela ei aukande rolle, er IAEAs innsats uvurderleg viktig.

I sitt testamente skriv Alfred Nobel at fredsprisen, blant andre kriteria, skal tildelast den som har gjort mest for “avskaffing eller reduksjon av ståande armear”. I samsvar med dette kriteriet har Den Norske Nobelkomite i dei seinare tiåra konsentrert seg om kampen for å redusera kjernevåpna sin plass i internasjonal politikk med sikte på å avskaffa desse våpna. At lite er nådd i verda på dette punktet, gjer arbeidet mot kjernefysiske våpen enda viktigare no.

Oslo, 7. oktober 2005.

To cite this section
MLA style: Nobels Fredspris 2005 – Pressemelding. NobelPrize.org. Nobel Prize Outreach AB 2024. Thu. 28 Mar 2024. <https://www.nobelprize.org/prizes/peace/2005/9372-nobels-fredspris-for-2005/>

Back to top Back To Top Takes users back to the top of the page

Nobel Prizes and laureates

Eleven laureates were awarded a Nobel Prize in 2023, for achievements that have conferred the greatest benefit to humankind. Their work and discoveries range from effective mRNA vaccines and attosecond physics to fighting against the oppression of women.

See them all presented here.
Illustration

Explore prizes and laureates

Look for popular awards and laureates in different fields, and discover the history of the Nobel Prize.