Tale

English
Norwegian

Tale av leder av Den Norske Nobelkomite Ole Danbolt Mjøs, Oslo, 10. desember, 2006

Tale
Tale av Ole Danbolt Mjøs.
Copyright © The Norwegian Nobel Institute 2006
Photo: Ken Opprann

Dykkar Majestetar, Høgvyrde Kronprinspar, Prisvinnarar, Eksellensar, Mine damer og herrar,

“Den Norske Nobelkomite har bestemt at Nobels fredspris for 2006 skal delast i to like store delar, mellom Muhammad Yunus og Grameen Bank for arbeidet deira for å skape økonomisk og sosial utvikling nedanfrå. Varig fred kan ikkje skapast utan at store folkegrupper finn vegar til å bryte ut av fattigdom. Mikrokreditt er ein slik veg. Utvikling nedanfrå verkar òg til å fremje demokrati og menneskerettar.”

Slik lydde det då Nobels fredspris blei annonsert den 13. oktober i år. I dag er det tid for velfortent hyllest! Muhammad Yunus og Grameen Bank: Gratulerer med Nobels fredspris! Og gratulerer til deg, Mosammat Taslima Begum, som skal ta imot prisen på vegner av Grameen Bank.

Ikkje alle journalistane som møtte fram på Nobelinstituttet ved annonseringa av årets fredspris visste kven Yunus og Grameen Bank var. Nokre trudde Grameen Bank var ein person. Men det fekk vere journalistane sitt problem. Dei mange som kjende til begge, meinte dei burde hatt fredsprisen for lenge sidan. I 2002 sa Bill Clinton det slik: “Dr. Yunus is a man who long ago should have won the Nobel Prize and I’ll keep saying that until they finally give it to him.” No treng ikkje Clinton seie ifrå lenger.

Årets pris er blitt godt teken imot, internasjonalt, i Noreg og ikkje minst i Bangladesh. Det er nesten ikkje til å fatte: Her går eg, som leiar av Nobelkomiteen, fram til ein mikrofon på Nobelinstituttet i Oslo og annonserer at årets fredspris går til Yunus og Grameen Bank. Så byrjar politikarar og aviser i store delar av verda å kommentere, og i stor grad å applaudere det valet som Den Norske Nobelkomite har gjort. Og enda meir utruleg: Det bryt ut demonstrasjonar av rein glede i Bangladesh. I fleire dagar blei landet nesten stengt på grunn av glede. Mange sa at dette var det største som hadde skjedd i Bangladesh etter at landet blei sjølvstendig i 1971.

Dei siste vekene har stadig fleire blitt kjende med hovudtrekka i den spennande historia til Yunus. Etter å ha utdanna seg til økonom i USA, kom han i 1972 tilbake til Bangladesh og blei professor i økonomi ved universitetet i Chittagong. I 1974 opplevde han ei personleg krise under hungersnauda i landet. Han blei skaka over å sjå ein slik fattigdom. Og han spurde seg sjølv: “Kva er vitsen med alle desse fine økonomiske teoriane når folk kring meg døyr av svolt?” Allereie i 1976 kom han på ideen om å skipe ein bank for fattige. Då lånte han ut 27 dollar frå eiga lomme til 42 handverkarar i ein liten land sb y i Bangladesh, og sa at dei kunne betale tilbake pengane når dei fekk råd til det. I vekene som fylgde, tenkte han mykje på dette og bestemte seg for at det måtte ei institusjonell løysing til.

Resultatet blei Grameen Bank, som i dag finst i dei aller fleste av Bangladesh sine tusenar av land sb yar, og som sidan den formelle oppstarten i 1983 har lånt ut nestan seks milliardar dollar. Banken har i dag nestan sju millionar låntakarar. Grameen Bank låner ut 800 millionar dollar i året. Kvart lån utgjer i gjennomsnitt vel hundre dollar. Banken er sjølvfinansiert og tener pengar. Tilbakebetalingsprosenten er svært høg. Muhammad Yunus seier: “Lån dei fattige pengar i ein storleik som passar dei, lær dei nokre få sunne finansielle prinsipp, og dei klarar seg sjølve.”

Med tildelinga av årets fredspris ønskjer Den Norske Nobelkomite å setje søkjelyset på dialog med den muslimske verda, på kvinneperspektivet og på kampen mot fattigdom.

For det første ber denne fredsprisen bod om ei mogeleg tilnærming til den muslimske delen av verda. Etter 11. september 2001 har vi sett tendensar til ei demonisering av islam. Det er ei viktig oppgåve for Nobelkomiteen å prøve å gjere kløfta mellom Vesten og islam mindre. Fredsprisen til Yunus og Grameen Bank er òg ei støtte til det muslimske landet Bangladesh og til dei muslimske miljøa i verda som arbeider for dialog og samhandling. Altfor ofte taler vi einsidig om kor mykje den muslimske delen av verda har å lære av Vesten. Innanfor mikrokreditt er det motsett: Vesten har lært av Yunus, av Bangladesh og av den muslimske delen av verda.

For det andre står kvinnene sentralt i samband med årets fredspris. Meir enn 95 prosent av låntakarane er kvinner, og deira frigjering er eit viktig perspektiv for Yunus og Grameen Bank. Hovudsatsinga på kvinner har kanskje vore den største suksessfaktoren i arbeidet deira. Til å byrje med var det slett ikkje berre kvinner, men talet på kvinnelege låntakarar auka raskt. Som Yunus har sagt det: “Det har ein klar innverknad på familien at kvinner får låne pengar. Det er ikkje behov for å gjere meir gransking av det i dag. Barn får automatisk fordel av det, med betre mat og klede. Vi ser at situasjonen endrar seg.” Menn bruker ofte pengane på seg sjølve; kvinner bruker dei på familien. Banken sin praksis har ført til ein sosial revolusjon i Bangladesh. Ein av låntakarane, Mazeda Begum, har sagt det slik: “My parents gave me the birth, but Grameen Bank gave me a life.” I dagens terminologi, mikrokreditt er verkeleg “female empowerment.”

Mikrokreditt har vist seg å vere ei frigjerande kraft i samfunn der særleg kvinner må kjempe mot undertrykkjande sosiale og økonomiske vilkår. Det kan ikkje skapast fullverdig økonomisk vekst og politisk demokrati utan at den kvinnelege halvdelen av menneska på jorda medverkar på like fot med den mannlege.

For det tredje, men aller viktigast, er kampen mot fattigdomen og arbeidet for økonomisk og sosial utvikling. Muhammad Yunus har vist seg som ein leiar som har greidd å omsetje visjonar i praktisk handling til beste for millionar av menneske, ikkje berre i Bangladesh, men òg i mange andre land i verda. Det finst no program innanfor mikrokreditt i nesten 100 land, også i Noreg. Lån til fattige, oftast kvinner utan noka økonomisk sikring, syntest å vere ein umogeleg tanke. Frå ein smålåten start for tre tiår sidan har Yunus, først og fremst gjennom Grameen Bank, utvikla mikrokreditt til eit stadig viktigare verkemiddel i kampen mot fattigdom. Grameen Bank har gjeve idear og mønster for dei mange institusjonane innanfor mikrokreditt som har oppstått rundt om i verda.

Tal kan fort bli mange og store. Men bak kvart tal står det enkelte menneske. Kvart einaste individ på jorda har både potensial og rett til eit verdig liv. På tvers av kulturar og sivilisasjonar har Yunus og Grameen Bank vist at dei fattige kan verke til eiga utvikling. Yunus seier det slik: “Mikrokreditt er ein velprøvd og godt fundert metode som kan bringe finansielle tenester til dei fattigaste av dei fattige. Mikrokreditt fremjar entreprenørskap og set kvar enkelt fattig, spesielt kvinner, i førarsetet i eigne liv.” Jamvel tiggarar er blitt låntakarar i banken. Yunus trur fullt og fast at almisser øydelegg initiativ og skaparkraft hjå dei fattige.

Yunus blir stundom omtalt som ein moderne Gandhi der han går omkring i sine bengalske klede. Han kallast dei fattigaste sin bankmann. Og Grameen Bank, som betyr land sb ygdbanken, er verdas største bank for fattige. Gjennom sine innskot eig dei fattige 94 prosent av banken. Dei resterande seks prosent eig regjeringa i Bangladesh. Banken byggjer på ein annan filosofi enn dei vanlege bankane. Yunus seier at mikrokreditt handlar meir om menneske enn om pengar. Det handlar om å stole på menneske. Kreditt betyr å stole på, å gje nokon “credit”.

Dei fattige organiserer seg i grupper, ofte fem kvinner i lag. Det er gruppa som får lånet og som er ansvarleg for å betale tilbake. Gruppa har regelmessige møte for å bevisstgjere kvarandre på lån, arbeid, tilbakebetaling og sparing. Medlemene forpliktar seg til å arbeide for matproduksjon, reint drikkevatn, hygiene, helse, familieplanlegging, økonomi, disiplin, fellesskap og motivasjon i gruppa og i familiane sine. Gruppene lagar nettverk med andre grupper. Dermed verkar gruppene samfunn sb yggjande på grasrotplanet. I den seinare tid har vaksinasjons- og helseprogram også teke utgangspunkt i grupper av kvinner som tek ansvar.

Kampen mot fattigdomen i verda er ein eksistensiell kamp for å overleve. I dag lever om lag halvdelen av jordas menneske på mindre enn to dollar om dagen, av desse lever vel ein milliard på mindre enn ein dollar om dagen, som er ekstrem fattigdom. Fleirtalet på jorda er altså fattige. Og majoriteten av desse er kvinner og barn. Dette er kanskje den største utfordringa i verda dei neste tiåra. Her må alle land og nasjonar bidra. Det er uverdig at langt over halvparten av menneska på jorda lever under slike forhold. Kampen mot fattigdomen er fredsarbeid av beste merke.

FN sin generalsekretær, nobelprisvinnaren Kofi Annan, seier det slik: “I dag går ikkje grensene mellom nasjonar, men mellom dei mektige og dei makteslause, dei frie og dei trælbundne, dei privilegerte og dei underdanige.” FNs tusenårsmål nummer ein er å halvere den globale fattigdomen innan 2015. Det trengst ei verdsmobilisering for å nå dette målet. Blir du med, blir landet ditt med, blir statsleiarane med på å ta denne utfordringa? Det er ein lang veg å gå. Men vi må saman gå denne vegen. Målet må vere fred med rettferd i verda. Og rettferd betyr eit liv i verdigheit. Den Norske Nobelkomite understrekar at “varig fred kan ikkje skapast utan at store folkegrupper finn vegar til å bryte ut av fattigdom.” Fred med rettferd må skje nedanfrå slik Muhammad Yunus og Grameen Bank har medverka til.

Ofte får Den Norske Nobelkomite spørsmål om kva for eit fredsomgrep den nyttar. Slik er det i år også. Sjølv om responsen i samband med årets pris til Muhammad Yunus og Grameen Bank har vore overlag positiv, er det nokre som spør kva mikrokreditt har med fred å gjere. Dei fortener eit svar.

Utgangspunktet er alltid Alfred Nobel sitt testamente. Dei tre kriteria for fredsprisen som Nobel nemner, å fremje “brorskap mellom nasjonane”, “å avskaffe eller redusere ståande armear” og “å fremje fredskongressar” gjev berre delvis rettleiing. Det er dermed i stor grad opp til Den Norske Nobelkomite sjølv å tolke og konkretisere fredsomgrepet. Heilt frå 1901 har det vore strid om dette, men ikkje så mykje i komiteen som i offentlegheita. Då den aller første prisen blei delt ut til Henri Dunant og Frédéric Passy, aksepterte nesten alle pasifisten Passy. Men nokre hadde problem med Dunant. Var verksemda hans fredsrelevant? Røde Kors gjorde jo eit framifrå arbeid når krigen var broten ut, men kva gjorde organisasjonen for å hindre krigen?

Dei første prisane gjekk ofte til fredsaktivistar, til statsmenn og altså til humanitære organisasjonar og personar. Så byrja komiteen å gje fredsprisen til forkjemparar for menneskerettane. Igjen var motargumenta klare. Kva hadde menneskerettar med fred å gjere? Førte ikkje heller fokuset på slike rettar til ufred? På 1980-talet tok mange statsvitarar til å interessere seg for analysane til Immanuel Kant av forholdet mellom demokrati og fred. Etter kvart konkluderte stadig fleire med at demokrati var fredelege, i det minste overfor andre demokrati. Dette er no blitt eitt av dei mest “robuste” funn i moderne statsvitskap. Det er såleis svært positivt at vitskapen no gjev sin nesten unisone tilslutning til eit syn som Den Norske Nobelkomite har hatt i fleire tiår.

I 2004 uttalte Nobelkomiteen at det var ein samanheng mellom utarma miljø og krig og konflikt. I år er det altså kampen mot fattigdomen. Kva har det med fred å gjere? Dette er ikkje noko som Den Norske Nobelkomite har kome på i år. Det er blitt delt ut mange prisar til personar og organisasjonar som har arbeidt for å redusere fattigdomen i verda. Skiljet mellom det humanitære og kampen mot fattigdom er sjølvsagt uklart. Dei tre prisane til Røde Kors, prisane til Høgkommissæren for flyktningar, Legar utan grenser, Mor Teresa osv. viser det. I tillegg har Nobelkomiteen gjeve fredsprisen til grunnleggjaren av FN sin Food and Agriculture Organization (FAO), John Boyd Orr, og til mannen bak den grøne revolusjon i jordbruket, Norman Borlaug. Årets fredspris representerer såleis ikkje noko prinsipielt nytt, sjølv om mikrokreditt som middel til å utrydde fattigdom er heilt nytt i fredsprissamanheng.

Ein skal aldri kimse av sunn fornuft. Dei fleste vil nok meine at når det stort sett har vore fred i det rike Europa dei siste tiåra, mens det har vore mange konfliktar i det fattige Afrika, må det også ha noko med levekår å gjere. Samanhengane er kompliserte; sjeldan eller aldri kan alt forklarast ved hjelp av berre ein faktor. Men intuitivt er det ikkje vanskeleg å sjå for seg at det må vere ein sterk samanheng mellom fattigdom og konflikt. Og ein treng ikkje berre å stole på intuisjonen. I Human Security Report 2005, i oppsummeringa av forskinga kring dette temaet, heiter det såleis at “Indeed, one of the most striking findings to emerge from conflict research is that most wars take place in poor countries, and that as per capita income increases, the risk of war declines.” Det betyr altså ikkje at fattige folk nødvendigvis har lettare for å ty til vald enn dei meir velståande. Statlege ressursar er også viktige. Jo meir velståande eit land er, desto større ressursar har landet til å gjere noko med dei tilhøva som elles kunne bidra til konflikt.

Det er ikkje berre éin veg ut av fattigdom. Det er mange. Men i år ønskjer Den Norske Nobelkomite å rette merksemda spesielt mot mikrokreditt. Dette verkemidlet har gjeve gode resultat i Bangladesh. Landet har hatt ein monaleg økonomisk vekst dei siste tiåra. Noko av denne veksten skuldast ganske sikkert verksemda til Grameen Bank og andre institusjonar innanfor mikrokreditt. Det er viktig å auke bruken av dette verkemidlet.

I boka Banker to the poor. The story of the Grameen Bank spør Yunus om det verkeleg er mogeleg å tenkje seg ei verd fri for fattigdom. Han gjev sjølv dette svaret: “We have created a slavery-free world, a polio-free world, an apartheid-free world. Creating a poverty-free world would be greater than all these accomplishments while at the same time reinforcing them. This would be a world that we could all be proud to live in.”

Omkring år 750 skreiv den kinesiske diktaren Tu Fu følgjande, omsett til norsk av Georg Johannesen:

Folkerike byer er våpensmier
Smi heller en plog, smi heller en harv
Der det nå er tårer og sand
ble det da silke og korn
Enken ble bondekone bak silkevevstolen
Soldaten ble bonde bak pløyeoksen
Vårt tause folk ble da et tostemmig kor
for en sang om silke og korn.

I dag vil Den Norske Nobelkomite uttrykkje sin beundring for den innsatsen Muhammad Yunus og Grameeen Bank har gjort overfor tusental av heilage, alminnelege menneske i Bangladesh og i mange andre land i verda. Vi håper fredsprisen vil gje inspirasjon i det vidare arbeidet for ei verd utan fattigdom. Dette målet vil ikkje bli nådd dei nærmaste tiåra. Men vi er undervegs. I dag gratulerer og feirar vi dykk to, Muhammad Yunus og Grameen Bank. Bangla: Apnader Shobaikay Ushno Obhhinondon. Varmaste gratulasjonar til dykk alle! I morgon skal vi saman skunde oss vidare mot målet om ei verd utan fattigdom.

To cite this section
MLA style: Tale. NobelPrize.org. Nobel Prize Outreach AB 2024. Sun. 22 Dec 2024. <https://www.nobelprize.org/prizes/peace/2006/9348-tale/>

Back to top Back To Top Takes users back to the top of the page

Nobel Prizes and laureates

Six prizes were awarded for achievements that have conferred the greatest benefit to humankind. The 12 laureates' work and discoveries range from proteins' structures and machine learning to fighting for a world free of nuclear weapons.

See them all presented here.

Illustration

Explore prizes and laureates

Look for popular awards and laureates in different fields, and discover the history of the Nobel Prize.